Parken kulturhus

Audun Myskja // Kunsten å finne ro

Audun Myskja, Kunsten å finne ro - Klikk for stort bilete

Audun Myskja har gjennom legepraksis, kurs og retreat hjelpt tusenvis av menneske til å finne roa både akkurat no og i livet ellers.

Dato
26. august 2024
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Kva er forskjellen på godt og dårlig stress? Korleis kan me redusere tankestøyen i kvardagen? Kva er nøkkelen til indre stille og varig ro?
I dette inspirerande foredraget vil Dr. Audun Myskja gi deg kunnskap og verktøy om korleis du kan finne vegen til deg sjølv.
Audun Myskja har gjennom legepraksis, kurs og retreat hjelpt tusenvis av menneske til å finne roa både akkurat no og i livet. No kjem han til scena i Ålesund for å dele av erfaringane sine og hjelpe deg på vegen til å finne ro i ein elles hektisk kvardag. Han inviterer til refleksjon rundt kva ro betyr for oss, og kva teknikkar vi kan bruke når vi er ramma av ulike former for stress, følelsesmessige utfordringar og vanskelige livshendingar. Du vil lære kvifor pust er eit av dei mest undervurderte verktøya for å handtere uro og vonde kjensler, og korleis lyd og rørsle kan hjelpe deg regulere kropp og sinn.

Med over 40 års erfaring i helsevesenet er Myskja oppteken av å sjå heile mennesket, støtte opp om menneskets eigne ressursar og gi individuelt tilpassa verktøy for meistring og betring. Om du er ein frisk person som ønskjer vekst og auka sjølvinnsikt, eller om du vil ha nye metodar for å meistra ein kvardag med kronisk sjukdom, er dette foredraget for deg!

Dr.med. Audun Myskja er overlege og forfattar av meir enn tjue bøker, mellom anna bestseljarane Kunsten å finna ro, Eg skulle ha sagt eg elskar deg, Ungdomskilden og Dei tibetanske ritane. Han er fagrettleiar for Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg ved Nord universitet i Levanger og driv saman med kona si Reidun Senter for livshjelp i Totenvika, eit tverrfagleg prosjekt som legg vekt på hjelp til sjølvhjelp. I doktorgrada si om musikk i eldreomsorga utvikla han musikkbasert miljøbehandling, som har vist lovande resultat i pilotprosjekt i livsmeistring ved fleire norske skular. Gjennom mange år har han også halde ei rekkje retreat, foredrag og kurs i meditasjon, stressregulering og verktøy til vekst og meistring.