Parken kulturhus har sidan 1998 vore Ålesunds største scene, og husar dei fleste kulturuttrykk: musikk, teater, dans, foredrag m.m., samt seminar, møter og lukka arrangement. Vi søker arrangementsansvarlig i 100% fast stilling.
Vi ser etter ein kreativ person som har engasjement for kulturformidling og har lyst til å legge til rette for at andre skal få skinne.
Du får ansvar for planlegging og avvikling av arrangement i samarbeid med resten av teamet på huset, og tek eit særskilt ansvar for å løfte publikumsopplevingane før, under og etter framsyningar.
Stillinga inneber både planlegging av arrangement og praktisk tilrettelegging/avvikling. Arbeidet krev både eit godt overblikk og sans for detaljar, og du er ikkje redd for å ta i eit tak.
Du vil inngå i produksjonsteamet på kulturhuset, og bli ein del av eit team der alle er tek del i arbeidet med å vidareutvikle kulturhuset.
Arbeidsoppgåver
- koordinere og planlegge arrangement saman med produksjonsteamet på kulturhuset
- lage gode rammer for publikum før, under og etter arrangement
- ha kontakt med og følgje opp artistar, arrangørar, publikum og andre samarbeidspartnarar
- vere støtte i arbeidet med marknadsføring og programmering
- vere med å vidareutvikle Parken kulturhus som møteplass
- skape gode rammer for, og følgje opp, kulturhusvertane
- etter behov delta i arrangementsavvikling
- praktiske tilretteleggingsoppgåver
- helg- og kveldsarbeid må påreknast.
Kvalifikasjonar
- bachelor i kulturfag (god erfaring frå tilsvarande arbeidsoppgåver kan vege opp for formell utdanning)
- erfaring frå arrangementsplanlegging og -avvikling, og gjerne også marknadsføring
- god kjennskap til kunst- og kulturfeltet
- ønskeleg med nettverk innan kulturfeltet
Personlege eigenskapar
Arrangementsansvarleg er
- flink med folk, utadvendt og gjestfri
- idé- og initiativrik
- løysingsorientert og har gode samarbeidsevner
- praktisk anlagt
- strukturert, med evne til å sjonglere mange ballar i lufta på same tid og lande dei fint, ein for ein.
Personlege eigenskapar vert tillagt vekt.
Vi tilbyr
- spanande arbeidsoppgåver i eit servicebevisst fagmiljø
- fleksitidsavtale
- løn etter tariff
- god pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Hans Pareliussen, Kulturhusleiar, 915 12 057
Søk på stillinga her