Parken kulturhus

Tilgjengelegheit

Alle skal ha like moglegheiter til å bruke denne nettstaden. Derfor arbeider vi kontinuerleg med å forbetre brukaropplevinga, og nyttar relevante standardar for tilgjengelegheit.

Tiltak for å støtte tilgjengelegheit

Vi skal:

  • Følgje forskrift om universell utforming av IKT.
  • Følgje krava i WCAG 2.1 (Digitaliseringsdirektoratet)
  • Halde oppe og vidareutvikla ein tilgjengeleg nettstad.

Dette jobbar vi med

Vårt mål er å gjere innhaldet så tilgjengeleg som mogleg for alle brukarar:

  • Tekstane skal ha god struktur som er lette å navigere i, og dei skal skrivast i eit klart og tydeleg språk.
  • Når vi brukar bilde og grafikk skal vi sjå til at informasjonen også blir forklart for brukarar som ikkje kan sjå.
  • Når vi brukar video eller lydopptak skal den vere teksta, og når vi brukar lyd skal innhaldet også komme fram i form av tekst.
  • Vi som publiserer på nettstaden får opplæring og rettleiing i korleis lage universelt utforma innhald.
  • Vi testar og kvalitetssikrar innhaldet jamleg, slik at brukaropplevinga blir best mogleg.

Sei ifrå om manglande tilgjengelegheit

Er det noko som ikkje fungerer som det skal, eller skriv vi på ein måte som gjer at det vanskeleg å forstå? Vi set stor pris på tilbakemeldingar om tilgjengelighet!

Send oss ei tilbakemelding her.

Tilgjengeleghetserklæring


Alle offentlege verksemder pliktar å ha ei eiga tilgjengelegheitserklæring.

Les tilgjengelegheitserklæringa vår her