Man. - lør. kl 11:00 - 15:00, frå 4. juli og fram til skulestart i august.
I år, som i fjor sommar, opnar Parken kulturhus dørene mot byparken og inviterer turistar og fastbuande til eit enklare og betre parkliv ved å nytte seg av fasilitetane til kulturhuset.
I tillegg stiller biblioteket med bøker, leiker og spel til utlån og inviterer til kreativt verksted for barna kvar tirsdag i juli kl 13:00-15:00.
Prosjektet er eit samarbeid med fleire kommunalområde, der både kulturavdelinga, biblioteket, parkvesenet (VGA) og ÅKE er med og fasiliterer byparken.
God sommar og vel møtt!
Abonnér på våre nyheitsbrev. Vi held deg oppdatert på kva som skjer hos oss. Motta rabattar, tilbod om førehandssal mm.
Påmelding