Program

surtsey lavalove.jpg

 

Høstscena 2021: SURTSEY lavalove
Last ned som iCal-fil

Dato: Onsdag 29 september 2021
Tid: Kl. 19:00

Pris: 300/225/180
Sted: Parken kulturhus

SURTSEY lavalove

16. juni 1963 dreg Soley Sveinnsdottir og Asgeir Hrafnsson ut frå Heimaey i båt. Det er midtsommar og midnattssol. Så blir himmelen mørk. Flammar står rakt opp frå havet. Den natta erfarer Soley og Asgeir eit valdsamt vulkanutbrot som endrar dei for alltid. Utbrotet var det første av fleire som skapar vulkanøya Surtsey på sørkysten av Island.

Framsyninga Surtsey har blitt til gjennom verkstadar med ungdomar hausten 2019, modna og endra seg med den globale pandemikrisa våren 2020, og oppstår no i si fulle form på Høstcena 2021.

SURTSEY er eit unikt mangedisiplinært prosjekt som kombinerer ny litteratur, musikk og dans. Prosjektet er initiert og drive fram av dei prisvinnande kunstnarane Mette Karlsvik (forfattar) og Jon Tombre (regissør). Verket blir laga med ungdommar i Ålesund og Reykjavik, i etappar, ikkje heilt ulik prosessen av vulkanutbrota som laga øya Surtsey.  Kvar utgåve av SURTSEY blir farga av desse byene. Med i den kunstnariske forskargruppa er dansarane Maria Lothe og Anders Engebretsen, samt Sondre Pettersen på vokal, orgel, elektronikk, beatboxar Bjartur «Beatur» Gudjonsson, og på lys/video Erik Spets Sandvik og Corentin JPM Leven.

SURTSEY er støtta av 

Norsk Kulturfond, Fond for lyd og bilde,

Oslo kommune, Bergesenstiftelsen,

Dramatikkens hus og Dramatikerforbundet.

Medprodusentar er 

Nordens Hus i Reykjavik og Høstscena i Ålesund.

Gavekort

Gi bort kulturopplevelser! Kjøp et eGavekort - det kan brukes til alle våre forestillinger.

Gavekortet skrives ut med en strekkode som scannes når kortet benyttes, og har en pinkode til bruk ved kjøp av ebillett.

Nyhetsbrev

Meld deg på nyhetsbrevet vårt og vær først til å få med deg nyheter og kommende arrangementer.
Ålesund kommune

Billettkjøp