Parken kulturhus

Parken kulturhus 25 år

I april feira Parken kulturhus sine første 25 år med ei storslått festframsyning. No avsluttar vi markeringa med 3 heilt spesielle hendingar – alle skreddarsydd til Parken kulturhus.

29.-30. juni | BAKom: Dansen gjennom Parken

BAKom – Dansen gjennom Parken - Klikk for stort bilete Tyler Sparks

Kva er eit kultur-hus? Det er ikkje berre ein sal og ei scene. Vi har bakgangar, orkestergrav, green room, og alle moglege slags hemmelege rom. No har du sjansen til å bli kjent med huset på ein heilt ny måte. Bli med på en unik vandring gjennom Parken kulturhus – i ei intim framsyning der arkitekturen skapar kulissene og huset kjem til livet der man minst ventar det. BAKom utforsker gløymte rom og kjente flater gjennom både dans, film, musikk og installasjonskunst, og inviterer publikum med inn i ei drøymande verd som utfordrar det tradisjonelle scenebiletet og forventningar til kvar ei forestilling kan skje.

Prosjektet er eit samarbeid mellom koreograf og filmkunstnar Einy Åm Sparks og Parken kulturhus, og er ein særeigen sjanse til å oppleve huset på ein heilt ny måte.

Medskapande kunstnarar:
Tonje Aas Molnes (dans)
Martha Standal (dans)
Henrik Koppen (visuell kunst/performance)
Kristian Skårbrevik (musikk)
Tyler Sparks (filmfotografi)
Solveig Fagermo (kostyme)

Kjøp billett

 

1. juli | Gjenforeningen av Båtfrisen

Annar Bjørgli (Nasjonalmuseet)

Parken kulturhus har heilt sida åpninga fått mykje merksemd for si integrerte utsmykning:  fasaden og inngangspartiet av Ole Lislerud, og dei berømte toaletta utført av Susanne Fagermo. Ikkje minst har også Sigurd Winges monumentalverk “Båtfrisen” som heng over inngangen til konsertsalen, vore ein viktig del av det visuelle uttrykket i kulturhuset. Men det har i alle år berre vore delar av dette verket som har blitt stilt ut. Resten har vore lagra hos Nasjonalmuseet. Som ei del av vårt 25-års jubileum blir Båtfrisen no komplett, når resten av kunstverket kjem frå Nasjonalmuseet. 1.7 er det offisiell opning av utstillinga.

Prosjektet er i samarbeid med stiftelsen “Winge frem i lyset” som jobbar med formidling av Sigurd Winges kunst.

Arrangementet er gratis.

 

31. aug. | Maridalen: Innrønt (Bestillingsverk)

Maridalen - Klikk for stort bilete

I 2018 skreiv Hedvig Mollestad «Tempest Revisited» til kulturhusets 20-årsjubileum. Verket var første del i ein serie med 4 bestillingsverk til kulturhuset, som tematiserer årstidene ogforholdet mellom natur og kultur. INNRØNT blir navnet på det andre bestillingsverket i denne serien, som blir skrives av den kritikerroste trioen Maridalen til Parken kulturhus’ 25-årsjubileum.

Mens Mollestad fekk i oppdrag å tematisere vinterstormane på Vestlandet, har vi no gått i  motsatt retning og bedt Maridalen skrive eit verk for sommaren. Resultatet er eit verk for trompet, saksofon og kontrabass i tillegg til strykekvartett, og vil bli urframført på årets aller siste sommerdag – 31. august. 

Kjøp billett