Parken kulturhus

Boblershow

“La oss beruse deg!”

Hovedbilde, Boblershow - Klikk for stort bilete

Er du klar for ein skikkeleg feel-good kveld med Bjørg Thorhallsdottir, Tore Petterson og Dora Thorhallsdottir?

Dato
4. april 2024
Tid
19:00 - 20:15
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Denne framsyninga er ei salig blanding av standup, song, dans, foredrag og gode historier. Det blir rett og slett fest, fjas, alvor, og ikkje minst nyttige læring!

Vi kjem med konkrete tips om korleis du kan få det betre med deg sjølv og korleis få meir glede i livet. Søstrene Thorhallsdottir deler interessante og morosame historier og Tore Petterson kjem til å syngje og fortelje nært og personleg om dei dyrekjøpte erfaringane sine i livet. Tema i standup-delen blir om forskjellen mellom den kvinske og mannske ordboka, korleis vi knotar og rotar i relasjonane våre og korleis livet sjeldan blir slik vi såg for oss. Vi lovar at du kjem til å bli rørt, inspirert og ikkje minst le – masse! Ønskjer du at det boblar og bruser meir i blodet? Då er du så hjarteleg velkommen på Boblershow!

Dora Thorhallsdottir (50)
Standup-komikar med tre soloframsyningar bak seg, den siste, "Overganger" vart spelt over heile landet i 2,5 år.  Ho er også forfattar, etterspurd foredragshaldar (om relasjonar), EQ-terapeut, og dessutan styreleiar og grunnlegg av EQ Institute. I tillegg til å vere programleiar i podkastane Relasjonspodden og Hetebølgen (om overgangsalderen).

Bjørg Thorhallsdottir (49)
Populær kunstnar med ein haug av separatutstillingar dei siste 20 åra, gründer og skaparen av Hjertefred. Bjørg har også illustrert og skrive mange bøker, den nyaste er heiter "Bjørgs Glede og Fryd". Ho står også bak Lykkebobler (cava) og Gintastic (gin). Og ikkje minst: Destinasjon Glede (eit års kursløp for å få meir gle i livet).

Tore Petterson (44)
Kanskje mest kjent som tv-sjåar på NRKs SOFA, som bonde i første Farmen Kjendis på TV2, eller som dansedommar i fem sesongar på Skal vi Danse. Han har også ein lang karriere bak seg som jazzsongar og 16 år på scena som komikar. Tore er også EQ-terapeut, og har dei siste 8 åra reiste land og strand rundt som ein svært ettertrakta foredragshaldar.