Parken kulturhus

Jo Strømgren Kompani // Ministeriet for uforløste følelser

Kjenslene blir utforska i Strømgrens særegne blanding av teater, dans og absurd humor. 

Dato
4. oktober 2022
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Når tryggingsnettet i samfunnet ikkje strekker til. 

Kven vender du deg til viss du berre kan gråte når du verkeleg ikkje vil, viss du blir sint på søppelbøtter eller får angst av brød?

Ministeriet for uforløste kjensler har små ressursar, men eit superviktig oppdrag. Ministrane har i oppgåve å løysa problem som ingen annan mynde kan løyse – med dans. Bunken med papir veks, men overraskande mange får sakene sine utprøvd. 

Kjenslene blir utforska i Strømgrens særegne blanding av teater, dans og absurd humor. Det eine augneblinken tør vi knapt å sjå – det neste gir vi etter i latter. Musikksporet er like variert som kjenslene, frå Nina Simone og Lill Lindfors via finsk tango til Jussi Björling og Carmen.
Ministeriet for uløste kjensler vart skapte for eit ungt publikum våren 2019 – med danserne i GöteborgsOperans Danskompani, og vart ein stor suksess, hylla av alle aldrar.
«Ei fullstendig vedunderleg framsyning», meinte Sveriges Radio. «Intelligente case-studiar i dans», skreiv GøteborgsPosten. 

Jo Strømgren har tidlegare skapt Herzschmerz (2009) og Utkanten (2011) for GöteborgOperaens Dansekompani. Denne sesongen er han aktuell med nok ein verdspremiere på Göteborgsoperaens store scene: Fortet (2020).

Spelast i samarbeid med Dansenett Norge.