Parken kulturhus

Kammermusikkfestivalen // Avslutningskonsert

Hovedbilde, Avslutningskonsert - Klikk for stort bilete 

Dato
6. februar 2022
Tid
17:00 - 18:15
Stad
Ålesund kirke

Kjøp billett

Årets avslutningskonsert opnar med eit av 200-årsjubilanten César Franck sentrale orgelverk. Franck står som ein av dei viktigaste komponistane i den romantiske perioden for orgelrepertoaret. Så blir det urfremføring av Bjørn Morten Christophersens strykekvartett nr 2 (eller 1) som vart skrive parallelt med kvartett nr 1 (eller 2) som vart urframført under opningskonserten. 

Ernest Chausson er vorte kanskje den litt gløymde franske komponisten frå romantikken som skreiv få, men fantastisk flotte verk, og er vorte kalla den franske Brahms. Kammerkonserten for fiolin, klavar og strykekvartett er eit av dei sentrale verka hans som alt for sjeldan blir framført.

Medverkande:
Anders Nilsson,fiolin,  Itamar Golan, klavar, Nikolas Fehr, orgel, Ålesund Strykekvartett (Ai-Ling Chiu, Laurens Weinhold, Linda Bønes, Samuel Skrede)

Program:
César Franck - Orgelkoral
Bjørn Morten Christophersen - «Strykekvartett nr 2 eller 1» Urfremføring!                 
Ernest Chausson - Konsert for fiolin, klavar og strykekvartett