Kjøp billett
Anita Valderhaug har ei stemme og ein formidling som kryp under huda -og blir der. Ho har dei siste åra m.a. jobba med portugisisk fado med eigne tekstar på dialekt. Språk og bruk av dialekt handlar til sjuande og sist om kven vi er og kvar vi kjem frå, og på den måten knyter ho tekstane og materialet nærare oss.
Bjørnar Myhr har arrangert materialet for strykekvartett, piano og kontrabass. I denne spesielle tida blir vi kanskje ekstra orientert rundt kven vi er, der vi kjem frå og kanskje kjenner vi på eit sakne etter å reisa ut. Denne kvelden møtest vi i spennet mellom bakkekontakt og utferdstrang, frå fjørekanten på Vigra med antenner retta sørover -og innover.
Medverkande:
Anita Valderhaug, vokal, Bjørnar Myhr, keyboard, Ålesund Strykekvartett, Sondre Meisfjord, kontrabas
Program:
Portugisisk musikk på dialekt.