Parken kulturhus

Teater Manu: Edderkoppkvinnens kyss

Edderkoppkvinnens kyss. Hovedbilde - Klikk for stort bileteEdderkoppkvinnens kyss blir spelt på norsk teiknspråk med stemmeskodespelar Kjersti Fjeldstad.

Dato
27. februar 2022
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

I ei fengselscelle sit den politiske fangen Valentin saman med Molina, ei transkvinne dømt for utuktig åtferd med ein mindreårig. Fordommar leier til konfliktar mellom dei to, men når Molina gjenfortel favorittfilmane sine for Valentin, skapast ei midlertidig flukt frå fengselet. Haldningane i samfunnet smeltar vekk og vik for eit nært vennskap. Samtidig er dei to omringa av manipulasjon, både frå fengselsleiinga og kvarandre.
 
Stykket bygger på Manuel Puigs roman av same namn, og den Oscar-vinnende filmen Edderkoppkvinnens kyss (1985). Bentein Baardson, regissøren bak mellom anna Den stundesløse (2015) og Gråtende hender (2018), er tilbake på Teater Manu for tiande gang. Med videoprojeksjonar blir den sparsomme cella gjort om til Molinas drømmeverden, og Baardson tar oss med til ei verkelegheit fylt av kamp, motstand, draumar og illusjonar.
 
Edderkoppkvinnens kyss blir spelt på norsk teiknspråk med Ronny Patrick Jacobsen og Bülent Yalcin i hovudrollene, og med stemmeskodespelar Kjersti Fjeldstad. Gjendikta til teiknspråk av Sølvi Zuckermann. Stykket passar best for publikum frå 15 år og oppover.

Kunstnerisk team
Av: Manuel Puig
Regi: Bentein Baardson
Dramaturgi: Bodil Kvamme
Scenografi og lys: Torkel Skjærven
Videodesign: Åsmund Bøe
Lyd: Erik Hedin
Kostyme: Ingrid Nylander
Maske: Therese Lia
Rekvisitt: Gøril Rostad
Språkkonsulent: Sølvi Zuckermann

Med:
Ronny Patrick Jacobsen
Bülent Yalcin
Stemmeskuespiller: Kjersti Fjeldstad