Parken kulturhus

Susanne Lundeng Trio

Susanne Lundeng Trio - Klikk for stort bileteFelespelaren, songaren og komponisten Susanne har m.a. hausta ein Spellemannpris for utgivinga si «111 Nordlandsslåttar»

Dato
20. februar 2022
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

- «Lundeng er en levende folketone!», (avisa Nordlys)

Susanne Lundeng - fele/song 
Nils-Olav Johansen - gitar/vokal
Erik Nylander – trommar

Susanne Lundengs musikk blir beskriven som virtuost felespel, skjøre songar, innovasjon og tradisjon, med den nordnorske folkemusikken som ankerfestet.
Felespelaren, songaren og komponisten Susanne har m.a. hausta ein Spellemannpris for utgivinga si «111 Nordlandsslåttar» og har for innsamlinga si, formidling og videreutvikling av folkemusikken gjennom meir enn 30 år vorte ein av Noregs mest meritterte folkemusikarar. 
I 2019 mottok ho òg NOPAs tekstpris for den første songteksten sin «Det va nære på».

Komposisjonane hennar oppstår i kjølvatnet av musikalske minne og i forkjærleiken sin for drivande nordlandske danserytmar og vemodige folketonar.

I samspillet med jazzmusikarane Nils-Olav Johansen og Erik Nylander oppstår eit leikent og ekspressivt ensemblespel i ein symbiose av jazz, viser og nordnorsk folkemusikk.
Konsertane blir ofte omtalte som lett, leikent og lystig, samtidig som det er stormfullt og rørande, intenst og rått.

I 2020 kom Susanne Lundengs siste album «Hold dæ på vingan» til sterke og gode meldingar.

Om musikarane:
Nils-Olav Johansen er jazzgitarist og songar som hentar inspirasjon frå tradisjonell musikk frå heile verda i det musikalske uttrykket sitt, og er kjent for sine virtuose improvisasjonar med umiskjenneleg signatur. Han er tilsett som professor i jazzgitar på jazzlinja ved NTNU i Trondheim.

Erik Nylander er fødd i Norberg, Väsmandlands län i Sverige. Han er utdanna på jazzlinja ved NTNU i Trondheim og har utvikla eit trommespill med fasinasjon for både jazz og etnisk verdsrytmikk. Dette gjenspeglar seg i medverknaden hans som musikar og produsent i mange ulike musikalske prosjekt som samarbeidet hans med Ola Kvernberg, Monoswezi, Bjørn Alterhaug Quintet.

Heimeside:
http://www.susannelundeng.no

Sosiale medium:
https://www.facebook.com/susanne.lundeng?ref=tn_tnmn
https://www.instagram.com/susannelundeng/

YouTube:
https://youtu.be/Qx5afyu9Gmo
https://youtu.be/oErYy5hcqMA
https://youtu.be/gJAzpmiRKBs

Spotify:
https://open.spotify.com/artist/3M41smq0huQacQr6ITReJ0...

Recordlabel: https://grappa.no/no/label/heilo/