Parken kulturhus

Bare Egil og Aslags enda mer superpopulære barneshow

Bare Egil og Aslag - Klikk for stort bileteBare Egil og Aslag er to av våre mest erfarne og folkekjære barneunderhaldarar.

Dato
5. mars 2022
Tid
15:00 - 16:00
Stad
Foajeen

Kjøp billett

Bare Egil og Aslag er to av våre mest erfarne og folkekjære barneunderhaldarar som i alle år har gledd og begeistra barn i alle aldrar med sitt superpopulære barneshow. “Morbid!” er eit ord barna gjerne bruker for å uttrykka sin begeistring!

No kjem endeleg oppfølgjaren til publikumssuksessen! Her tar dei #ungdommeleg noenogfemtiåringene i bruk moderne verkemiddel som synth-trommer, keytar, sminka og Tiktokinspirerte dansetrinn for om mogleg å kommunisera endå betre med den oppveksande slekta. Dei trur at viss dei berre har dette på plass vil dei oppnå suksess.Det viser seg likevel at det er kostbar å vera hipp og moderne, og derfor blir dei nøydde til å stela for å halda oppe fasaden. Dei trur at dei må utgi seg for å vera nokon andre enn dei eigentleg er for å oppnå suksess. Med masse musikk, humor og ironi blir fortald ei historie om skuggesidene ved dagens samfunn der motepress og kunstige venleiksideal gjennomsyrar alt.

"Bare" Egil Hegerberg og Aslag Guttormsgaard er to norske komikarar og artistar som har spelt saman i ei rekke tiår i mange forskjellige band, m.a. Hurra Torpedo, Bare Egil Band og Black Debbath. Dei to er òg gjengangarar i alt frå Barne TV (Lesekorpset, Sangfoni, Hønsemannen etc), diverse spelefilmar (Hakkebakkeskogen, Svein og Rotta, Kule Kidz græt ikkje og Gilberts grusame hemn etc.) og TV-show som Brille og Kongen befaler.