Kjøp billett
Menneske, maskin og magisk rabalder
Tenk deg at du støyter på ein diger kube! Ein massiv klump av rust, metall og skrot. Som ein sammenklemt skraphaug frå fortida. Så byrjar kuben å vakna, og med eitt er du fanga i ei rekke av rare, uforståelege hendingar. Kva er det kuben vil med deg? Er det nokon som styrer han? Og ikkje minst: kjem du nokon gong til å sleppa unna ...?
Puls løftar spørsmål knytt til avtrykket til mennesket på jorda. Mennesket har ein stor trong til å skape, bygge og finne opp. Men kva skjer med mennesket når det blir konfrontert med resultatet av det vi har skapt? Kan oppfinnelsene våra komme til å forandre oss på ein måte som vi i det heile ikkje kunne ha føresett?
Puls er ein morosam og spenningsfylt framsyning som leikar med illusjonar gjennom fysisk, ordløst samspill og spektakulære effektar med mange overraskingar. Denne framsyninga er noko du aldri har sett før - rett og slett ei gåvepakke av overraskingar, spenning og magi!
Cirka Teater er eit av dei mest erfarne scenekunstkompania i landet. Dei har produsert meir enn 40 framsyningar som har spelt både nasjonalt og internasjonalt, fått mange utmerkingar og imponert tusenvis av publikummarar. Vi er stolte over å co-produsere Puls saman med dei.
Premiere 17. september 2022
Varigheit ca 1 time
Passer for alle frå 8 år
Idé og konsept
Espen Dekko og Gilles Berger
Skuespillere
Gilles Berger og Karoline Ellingsen Wheeler
Regi
Espen Dekko
Scenografi
Gilles Berger
Tekniske løsninger
Gilles Berger og Richard Verley
Lysdesign
Eirik Torsethaugen
Lyddesign
Martin Smidt
Kostymedesign
Berit Haltvik With
Sminke
Leo Thörn
Produsent
Ingrid Bjørsnøs Kvam
Produsent pre-fase
Monica Stendahl Rokne
Produsert i samarbeid med
Cirka Teater