Parken kulturhus

Teatret vårt // Puls

Hovedbilde, Puls - Klikk for stort bileteMenneske, maskin og magisk rabalder

Dato
19. oktober 2022
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Arbeideren

Kjøp billett

Menneske, maskin og magisk rabalder

Tenk deg at du støyter på ein diger kube! Ein massiv klump av rust, metall og skrot. Som ein sammenklemt skraphaug frå fortida. Så byrjar kuben å vakna, og med eitt er du fanga i ei rekke av rare, uforståelege hendingar. Kva er det kuben vil med deg? Er det nokon som styrer han? Og ikkje minst: kjem du nokon gong til å sleppa unna ...?

Puls løftar spørsmål knytt til avtrykket til mennesket på jorda. Mennesket har ein stor trong til å skape, bygge og finne opp. Men kva skjer med mennesket når det blir konfrontert med resultatet av det vi har skapt? Kan oppfinnelsene våra komme til å forandre oss på ein måte som vi i det heile ikkje kunne ha føresett?

Puls er ein morosam og spenningsfylt framsyning som leikar med illusjonar gjennom fysisk, ordløst samspill og spektakulære effektar med mange overraskingar. Denne framsyninga er noko du aldri har sett før - rett og slett ei gåvepakke av overraskingar, spenning og magi! 

Cirka Teater er eit av dei mest erfarne scenekunstkompania i landet. Dei har produsert meir enn 40 framsyningar som har spelt både nasjonalt og internasjonalt, fått mange utmerkingar og imponert tusenvis av publikummarar. Vi er stolte over å co-produsere Puls saman med dei. 

Premiere 17. september 2022

Varigheit ca 1 time
Passer for alle frå 8 år

Idé og konsept
Espen Dekko og Gilles Berger

Skuespillere
Gilles Berger og Karoline Ellingsen Wheeler

Regi
Espen Dekko 

Scenografi
Gilles Berger 

Tekniske løsninger 
Gilles Berger og Richard Verley

Lysdesign
Eirik Torsethaugen

Lyddesign
Martin Smidt

Kostymedesign
Berit Haltvik With

Sminke
Leo Thörn

Produsent
Ingrid Bjørsnøs Kvam

Produsent pre-fase
Monica Stendahl Rokne

Produsert i samarbeid med
Cirka Teater

Andre tidspunkt

  1. Tysdag, 04.10.2022 18.00 - 04.10.2022 19.00
  2. Onsdag, 05.10.2022 18.00 - 05.10.2022 19.00
  3. Torsdag, 06.10.2022 18.00 - 06.10.2022 19.00
  4. Onsdag, 19.10.2022 18.00 - 19.10.2022 19.00
  5. Torsdag, 20.10.2022 18.00 - 20.10.2022 19.00
  6. Laurdag, 22.10.2022 16.00 - 22.10.2022 17.00
  7. Søndag, 23.10.2022 18.00 - 23.10.2022 19.00