Parken kulturhus

Teatret vårt: Tvillingene

Hovedbilde, Tvillingene - Klikk for stort bilete Ein forviklingskomedie av Shakespeare.
  

Dato
26. oktober 2022
Tid
18:00 - 19:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Det blir mykje moro når to sett med sjarmerande einegga tvillingar, spelt av radarparet Nils Vogt og Kim Haugen, prøver å finne seg sjølv. Slik vi jo alle gjer. Tvillingene er ein komedie om kvardagsmirakel, feilaktig identitet og dobbeltsyn.

Eit skipbrot skil to tvillingpar frå kvarandre. Det viser seg at begge tvillingpara oppheld seg på same stad under like namn, noko som skaper både forvirring og en slags gryande glede hos kona til ein av dei. Eit sirkus av misforståingar og komiske situasjonar utspelar seg før forvekslingane kan oppklarast.  Tvillingane er ein morosam leik med teater og Shakespeare; mest til glede og litt til ettertanke.

Vi feirar 50-årsjubileum med ein ny versjon av den aller første framsyninga Teatret Vårt sette opp. Regissør Kjetil Bang-Hansen har børsta støv av manuset frå 1972 og flytta det til vår tid. Aktørar frå den opphavelege framsyninga saman med nye krefter utgjer eit stjernelag som saman inviterer inn til ei jubileumsforestilling med latter, gøyale sprell og gjensynsglede!  

KREDITERING

Av
William Shakespeare
Regi Kjetil Bang-Hansen
Bearbeidelse av manus Kjetil Bang-Hansen

Scenografi og kostymedesign Even Børsum
Lysdesign Øyvind Wangensteen
Pianist og arrangør Per Christian Revholt
Med Nils Vogt, Kim Haugen, Kirsten Hofseth, Johanna Mørck, Ingrid Myhre Løvik, Kristoffer Egset, Eline Øverby

Andre tidspunkt

  1. Tysdag, 25.10.2022 19.00 - 25.10.2022 20.30
  2. Onsdag, 26.10.2022 18.00 - 26.10.2022 19.30