Parken kulturhus

Bjørn Tomren: 90 minutter du aldri får igjen

mann sitter på gulvet - Klikk for stort bilete Bjørn Tomren har i haust imponert heile Noreg som den mest særegne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp».

Dato
3. mars 2022
Tid
21:00 - 22:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Bjørn Tomren har i haust imponert heile Noreg som den mest særeigne artisten i den populære NRK-serien «Stjernekamp». Med sitt unike utrykk og sin eineståande formidlingsevne har Tomren på kort tid rokke å bli folkeeie, og har vorte omtalt som «den kulaste artisten i Stjernekamp gjennom tidene». 

Artisten, låtskrivaren og komikaren frå Tomrefjorden er òg kjent frå den notoriske jodle- og trekkspillduoen Polkabjørn & Kleine Heine, som mellom anna har varma opp for A-ha og vorte stjerner i dokumentarfilmen om seg sjølv, «Kunsten å jodle». I 2019 gav Bjørn ut det første albumet sitt, «Bad Science Fiction» til overveldande kritikkar. Avisa Bergens Tidende karakteriserte plata som «så mørk at ein kan drukne i den». Tomren sjølv kallar det dystopisk sci-fi country som du kan lytte til i bakrus. 

Som ein av dei mest allsidige musikarane i landet går Tomren si musikalske rekkevidde frå americana og religiøse folketonar til jazz, viser, jodling, strupesong, dialekt-punk og psykedelisk protest-musikk. 

Stjernekamp er ikkje den første konkurransen der Tomren har gjordt det godt. Han har vunne prisen som «Best Act of The Year» på legendariske Joe's Pub i New York og i 2017 deltok han på verdsmeisterskapen i strupesong i Tuva der han vann ein bronsehest.

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 03.03.2022 19.00 - 03.03.2022 20.30
  2. Torsdag, 03.03.2022 21.00 - 03.03.2022 22.30