Parken kulturhus

Teatret Vårt: Drømmespillet

Hovedbilde, Drømmespillet av Teatret Vårt - Klikk for stort bileteEi magisk oppdagelsesreise

Dato
24. mars 2022
Tid
18:30 - 19:45
Stad
Arbeideren

Kjøp billett

Om du har vore i teateret før så vil du bli overraska denne gangen! Alt kan skje, alt er mogleg! Bli med på ei mystisk reise der eventyrlege kostyme, lys, musikk og teknologi lagar spennande overraskingar. Kva er draum og kva er verkelegheit?
 
Agnes er snart tenåring. Ho har hamna i eit enormt hus der det bur ein rar liten familie. Korleis kom ho seg hit? Inne i huset skjer dei mest forunderlege ting, og Agnes møter merkelege figurar – som i ein draum. Ho møter òg Alfred og Jenny, som er på hennar eigen alder. Saman oppdagar dei gåter og problem som må løysast. Etter kvart som brikkene fell på plass, blir deira syn på omgivnadene - og seg sjølv - forandra for alltid. 
 
I Drømmespillet blir du invitert med på ei reise inn i eit univers med fargerike skikkelsar, der det meste er snudd på hovudet. Vi får sjansen til å sjå verkelegheita på heilt nye måtar. Livets små og store spørsmål blir svart på med det nysgjerrige synet til barn på verda; å akseptera det utfordrande krumspringet til livet, men samtidig ha tru på at eit under kan skje. 
 
Velkommen til ei teateroppleving utanom det vanlege!
 
Framsyninga er ein del av EU-prosjektet PlayOn som utfordrar ni europeiske teater til å utforska samspillet mellom teater og teknologi.

Premiere 26. februar 2022
Varigheit 1 time og 15 minutt
Passer for alle frå 8 år 

Fritt etter 
Et drømmespill av August Strindberg

Regi Vanja Maria Kern Vestenfor og Vera Krohn Svaleng
Kostymedesign Johanna Dahlbäck
Lyddesign og musikk Felipe Noriega
Lysdesign Jonas P A Fuglseth
Med Sigrid Alnæs, Kristoffer Egset, Vanja Maria Kern Vestenfor, Anne Wiig, Eline Øverby

Andre tidspunkt

  1. Onsdag, 02.03.2022 18.00 - 02.03.2022 19.15
  2. Torsdag, 03.03.2022 18.00 - 03.03.2022 19.15
  3. Fredag, 04.03.2022 18.00 - 04.03.2022 19.15
  4. Onsdag, 23.03.2022 18.30 - 23.03.2022 19.45
  5. Torsdag, 24.03.2022 18.30 - 24.03.2022 19.45
  6. Laurdag, 26.03.2022 18.30 - 26.03.2022 19.45
  7. Søndag, 27.03.2022 18.30 - 27.03.2022 19.45