Parken kulturhus

Teatret Vårt: Drømmespillet

Ei magisk oppdagelsesreise

Dato
1. mars 2022
Tid
18:00 - 19:00
Stad
Arbeideren

Agnes er snart tenåring. Det er rart og litt skummelt å bli eldre. Aller helst vil ho berre fly av gårde på ei sky! Bli med Agnes på ei eventyrleg reise der fargerike kostyme, lys, musikk og teknologi skaper spanande overraskingar.

Agnes rømmer og hamnar på nye og framande stader der dei mest forunderlege ting hender - som i ein draum. Ho møter mange rare skapningar på sin veg, mellom anna jamngamle Alfred. Han ønsker seg fridom og pengar til å gjere det han sjølv vil. Begge kjenner dei at noko stort er i ferd med å skje.  

Drømmespillet handlar om barn sin utforsking av eigen identitet, i møte med vaksne forbilde. Å finne seg sjølv og plassen sin i samfunnet kan vere vanskeleg. Kven er vi, og kvifor forandrar vi oss? 

Denne teaterframsyninga er ein del av EU-prosjektet PlayOn som utfordrar ni europeiske teater til å utforska samspillet mellom teater og teknologi. Som tilskodar må du flytte deg frå rom til rom for å oppleve heile teaterframsyninga. 

Premiere 26. februar 2022
Varigheit 1 time og 15 minutt
Passer for alle frå 8 år 

Fritt etter 
Eit draumspel av August Strindberg

Regi Vanja Maria Kern Vestenfor og Vera Krohn Svaleng
Kostymedesign Johanna Dahlbäck
Lyddesign og musikk Felipe Noriega
Lysdesign Jonas P A Fuglseth
Med Sigrid Alnæs, Kristoffer Egset, Vanja Maria Kern Vestenfor, Anne Wiig, Eline Øverby

Andre tidspunkt

  1. Laurdag, 26.02.2022 18.00 - 26.02.2022 19.00
  2. Tysdag, 01.03.2022 18.00 - 01.03.2022 19.00
  3. Onsdag, 02.03.2022 18.00 - 02.03.2022 19.00
  4. Torsdag, 03.03.2022 18.00 - 03.03.2022 19.00
  5. Fredag, 04.03.2022 18.00 - 04.03.2022 19.00
  6. Onsdag, 23.03.2022 18.30 - 23.03.2022 20.30
  7. Torsdag, 24.03.2022 18.30 - 24.03.2022 19.30
  8. Søndag, 27.03.2022 18.30 - 27.03.2022 20.30