Oppdatering: Alle framsyningane med «Margot i 100 over 80» er dessverre avlyste på grunn av dei gjeldande korona-restriksjonane. Alle billettkjøp blir automatisk refundert til same konto som kjøpet vart gjort frå, og du treng ikkje gjera noko.
Har du kjøpt billett over disk ved eit av biblioteka i Ålesund eller har evt. spørsmål kan du kontakte oss på billett@alesund.kommune.no
Margot har vore med å bygga landet og betalt skatt i eit heilt liv. No skal ho endeleg få hausta goda og nyte sitt «opium». Margot banar seg veg gjennom Helse-Noreg med livsmot og beinskjørheit.
Ina Breivik og Simon Andersen opnar dosetten.
Du treng ikkje ta med lystgass, vi bjuder på!