Parken kulturhus

Ny dato// Sigrid Bonde Tusvik: Heks on the beach

Som følgje av dei nye korona-restriksjonane som er innførte f.o.m i dag, er framsyninga Heks on the Beach, med Sigrid Bonde Tusvik, flytta til 17.6.2022

Vi jobbar med å finna ny dato, og kjem tilbake med ny informasjon straks vi har dette. Alle billettkjøparar er kontakta pr epost, og vil få tilbod om billettar på ny dato, eller refusjon. 

Kvinne i kjole med flammer bak seg.  - Klikk for stort bilete

Dato
17. juni 2022
Tid
21:30 - 22:45
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Vi lever i ei verd der du kan få til kva som helst, men vi sit helst i timevis og blir forbanna på framande i kommentarfelt. Kanskje vi bør skylje internett ut av kroppen av og til?

Visste du at sladder er viktigare for menneske enn eld? Og kvifor er vi framleis usikker på om rotta hadde skulda for svartedauden? Nokre generasjonar seinare står vi likevel bleike igjen på busshaldeplassen og tviler på om dette rotteracet er verd å leva. Kva gjer ein med ein ubrukeleg anakonda i stova? Og kven blir eigentleg utsett for ei heksejakt?

Sigrid Bonde Tusvik har vunne komiprisen for årets kvinnelege scenekomikar og publikumsprisen for årets morosamste. Ho har hatt kjempesuksess med ein av Noregs første og største podcaster, «Tusvik&Tønne», er ein av dei mest populære spaltistane i Dagsavisen, og har tre halvgode bøker bak seg. Ho har tidlegare òg hatt kjempesuksess med framsyningane «Mot i brøsta» saman med Else Kåss Furuseth og Henriette Steenstrup (2014) , «Tusvik&Tønne – Skammar seg» (2015) og «Tusvik&Tønne – På oppdagelsesreise» (2017).

Terningkast 6: «Førsteklasses heks!»
- BERGENS TIDENDE

Terningkast 5: «Skarp, gutsy og veldig morosam. Terningkast heks»
- VG

Terningkast 5: «Styrtmorsom og viktig. Kan ikkje hugsa å ha sett så mykje betre på eit norsk standupscene»
- NRK

Terningkast 5: «Sigrid Bonde Tusvik imponerer i det første soloshowet sitt. Publikum elskar det»
- DAGSAVISEN

Gled de til eit unikt fyrverkeri av ei framsyning – Sigrid Bonde Tusvik er i fyr og flamme!

Andre tidspunkt

  1. Fredag, 17.06.2022 19.00 - 17.06.2022 20.15
  2. Fredag, 17.06.2022 21.30 - 17.06.2022 22.45