Parken kulturhus

Hellbillies: 30 år på vegen

 Hellbillies markerer sine 30 år på vegen.

Dato
24. februar 2022
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Hellbillies må kunna kallast ein institusjon i norsk kulturliv, og no vil bandet markere sine første 30 år med ein stor jubileumsturné. 

I løpet av vinteren, våren og hausten vil dei besøke alle dei største kulturhusa i landet. Tanken med denne spesielle konsertturnéen er å kunne møta det trufaste publikummet sitt, for saman å sjå tilbake på dei 30 åra som har gått, og kanskje òg kasta eit lite blikk framover ved å presentere noko nytt materiale. 

I løpet av sine 30 år på vegen har Hellbillies vore ein stødig leverandør av perler til den norske songskatten, samtidig som dei har opparbeidd seg ein status som eit av vår tids mest vitale rockeband. Denne konserten er for eit sitjande og lyttande publikum, og vil ha éin akustisk og éi elektrisk avdeling. Bandet gler seg veldig til å kunne møta publikummet sitt på denne måten.

Foto: Agnete Brun