Kjøp billett
Musikar, komikar, skodespelar og no forfattar Asbjørnsen har gitt ut 11 kritikarroste album, gjort store musikal-roller («Chicago», «Cabaret» m.fl.), og vunne komiprisar. Hennar første solo-framsyning «The Lulu Show - Livet er ein dans på renter» fekk terningkast 6 i Aftenposten og vart spelt i både inn- og utland.
No er Asbjørnsen klar med eit nytt solo-show om åtte utrulege kvinneliv for 100 år sidan, då jazz var rock'n roll. Med eit tegneserieaktig glimt i auget og ved hjelp av nokon av århundrets største jazz-hits fortel ho om skjebnen til sine største musikalske heltinner: Bokken Lasson, Mae West, Bessie Smith, Josephine Baker, Marlene Dietrich, Edith Piaf, Billie Holiday og Marilyn Monroe.
Bokken Lasson booka sin eigen solo-turné i 1895 og gjekk i dundrande underskot, men enda som Noregs første kabaret-direktør. Josephine Baker jobba som spion for den franske regjeringa under 2. verdskrig med informasjon om tyske plasseringar sydd inn i undertøyet. Mae West vart kasta i fengsel for å ha «forderva moralen til ungdommen» med sin frigjorde, sjølv-produserte Broadway-musikal «Sex», og vart tidenes største filmstjerne i ein alder av 40 år. Bessie Smith slo ned store mannfolk på fest og gav New York-fiffen bakoversveis med songar om kvinneleg seksualitet som verda aldri før hadde høyrd.
Med seg på scena har Hilde Louise ein levande jazz-trio som er sterkt delaktig i å transportera oss frå New York i «dei glade 20-åra», via Berlin på sitt mørkaste, Paris på sitt villaste og til Kristiania på sitt mest uskuldige…