Noregs mest medieomtalte foredrag dei siste åra kjem no snart til kulturhuset ditt. Den prislønte foredragshaldaren Per Henrik Stenstrøm legg ut på turné med foredraget som lærer deg å handtera dei vanskelege kollegaene.
Du veit dei som forsurar arbeidsplassen din. Dei irriterande kollegaene som tappar deg for krefter. Alle har minst éin idiot på arbeidsplassen, men spørsmålet er om det går an å setja pris på ein egoistisk surpomp? Og kva kollegatype er du?
Dette er eit foredrag om moderne motivasjonsteori som skapar betre miljø på jobben. Om krevjande kollegaer. Tidstyven, møteplageren, ordgytaren, gledesdreperen, bedreviteren og solstrålen. Om konfliktane som skjer mellom medarbeidarar. Om frustrasjonen og brysomme forskjellar på jobben.