Kjøp billett
Rundt hundre heldige sjeler fekk oppleve solokonserten med Amund Maarud i foajeen på Parken kulturhus i 2019.
No kjem gitarfantomet med ein ny forrykande solokonsert. Å høyre Amund Maarud solo er ei rein oppvisning i kjærleiken til musikken. Dynamikken er stor, krumspringa mange og det er lett å la seg bergta når mannen frå Skogbygda går i eitt med gitaren og gir alt.
Support: Remi Slotterøy

Remi André Slotterøy er ein norsk bluesmusikar i slutten av tjueåra som held til i Ålesund.
Tidlegare er han kjent frå banda Stadtverk og Blueskollektivet som har turnert både i inn- og utland. Her har han bidratt som låtskriver, gitarist og vokalist på albumutgivingane Ein Lætt Paranoia (2018) og Kjære Saksbehandler (2016).
Til dagleg jobbar han som drama- og musikklærar ved Ålesund Videregående Skole.
Denne kvelden går han tilbake til bluesrøttene, særleg inspirert av Hill country blues og deltablues. Han grip tak i nerven av det som verkeleg betyr noko, og gjer det gjennom musikk frå mellom anna Skip James, Junior Kimbrough og Vera Hall.