Parken kulturhus

Eva Weel Skram: Sleppe tak

Eva Weel Skram er ein av landets aller mest folkekjære artistar, og står bak ei rekke popklassikere både på engelsk og norsk. Ikkje minst har Sogndalsjenta opparbeidd seg eit imponerande stort og trufast konsertpublikum over heile landet, etter å ha turnert meir eller mindre kontinuerleg dei siste fem åra.
 

Dato
24. mars 2022
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

portrett av kvinne - Klikk for stort bilete 

Skram har gitt ut to album med norske tekstar, Finne heim frå 2018 og Sleppe tak frå 2021, som har hausta strålande kritikkar, og vorte omtalte som både «Brutalt ærleg» og musikalsk vaksent.

«Eva Weel Skram har lenge vore ein av Noregs mest distinkte popartistar. Med albumet «Sleppa tak» ligg alt til rette for at ho skal bli allemannseie», skreiv Dagsavisen i meldinga si av sistnemnde album, noko som verkeleg kan seiast å ha slått til. Dei sterke låtene frå desse to albuma, har nemleg løfta Eva heilt opp i toppsjiktet av norskspråklige popartistar her til lands.

I 2022 tar ho igjen med seg Sleppe tak på vegen, etter ein noko korona-amputert turné i 2021. Denne gangen blir det fulle hus! Velkommen på konsert.