Parken kulturhus

Bjarte Tjøstheim: Det går betre no

Korleis kan ein leva av å vera komikar og utlevera seg sjølv - når ein innerst inne er engsteleg av natur?

Dato
26. mars 2022
Tid
19:00 - 20:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Mann på benk - Klikk for stort bilete

Programleiar, komikar og skodespelar Bjarte Tjøstheim teaterdebuterer med ei personleg og selvironisk framsyning om å leva med frykt for det aller meste.

Som barn vart prestesønnen Bjarte korsfesta av kompisane sine i hagen til naboen i Randaberg. Dette barndomsminnet bekrefta den indre frykta for kva livet kan føre med seg av farar og utfordringar.

I soloframsyninga Det går betra no viser Bjarte ei ny side av seg sjølv, og fortel personlege historier frå sitt ytre daglege, og det indre livet sitt. Som prestesønn med vaklande gudstro er håpet at englar skal komme for å redde han når livet er på sitt aller mørkaste. Engler med vinger, eller berre med kvit frakk.

Den største frykta er likevel å bli galen og at psykiateren skal seia at han er klin kokos. Men då Bjarte først vart innlagt, viste det seg at psykiatrisk avdeling var den tryggaste staden å vera.

 

«Med humoren i bakhånd utleverer Bjarte Tjøstheim sin angst med eit hjarte som er både ope og varmt» VG

«nær og sår teaterframsyning om dei store utfordringane i livet.» Dagsavisen

«I ei blanding av tragikomiske situasjonar og kloke refleksjonar klarer Bjarte Tjøstheim å seie noko viktig om korleis det er å leva med angst.» Vårt Land