Parken kulturhus

Riksteatret: Mio, min Mio

Astrid Lindgrens eventyrlege klassikar om den foreldrelause guten som blir prins Mio. Ein storslått og vakker forteljing om sakne og einsemd, vennskap og ondskap og det sterke bandet mellom barn og foreldre.  

Dato
9. september 2022
Tid
18:30 - 19:30
Stad
Parken kulturhus

 gutt på hvit hest - Klikk for stort bilete

Kjøp billett

Bo Vilhelm Olson bur hos fosterforeldre som meiner det var ei ulykke å få han i hus. Ein dag han sit åleine på ein benk skjer det noko merkeleg. Han blir ført til i Landet i det Fjerne. Der ventar faren hans Kongen, som har lengta etter han sidan han vart fødd.   

Denne vakre framsyninga i Hilde Brinchmanns regi vart kåra til "Årets beste barneframsyning", Heddaprisen 2019. Med Riksteatret får barn og vaksne over heile landet oppleva teatereventyret der dei sjølv bur. 

Aldersgrense: 6 år. Avgrensa tal plassar, så vêr tidleg ute med å sikra deg billett. 

--

"Ei fantastisk oppleving"
⚅ Romsdals Budstikke

"Magiske, mytiske Mio"
⚄ Sunnmørsposten

"Det er ikkje få vaksne som har komme hulkande ut frå denne sterke barneframsyninga."
Grunngivinga til Hedda-juryen 

--

På scena
Arjan Nilsen og Martin Karelius Østensen

Team
Regissør: Hilde Brinchmann, Scenograf: Paul Sebastian Garbers, Kostymedesigner: Helena Andersson, Komponist og lyddesigner: Eirik Myhr, Lysdesigner: Jonas P A Fuglseth og Produsent: Wenche Viktorsdatter Paulsen

Av Astrid Lindgren. I Hilde Brinchmanns dramatisering

Teaterforlag: Nordiska A.p.S - København

Forestillingslengde: 1 time 10 minutt (ingen pause).

Nypremiere: Oslo / Nydalen 3. mar 2022

Turnépremiere: Tynset 9. mar 2022

Produsert av Teatret Vårt i samarbeid med Nordland Teater. Produsert for turné av Riksteatret.

--

Riksteatrets omtale: www.riksteateret.no/mio-min-mio