Det er liten tvil om at Hans Morten er morosam. Det er noko med måten han seier det på. Og kva han seier. Og korleis han ser ut når han seier det. Men korleis vart han ein av Noregs beste komikarar? Vart han fødd morosam? Er det arv eller miljø? Skal vi takke Hansen-slekta eller skuldast det oppveksten, byturane, ungane, ekteskapa eller naboane?
Hansen har vunne fleire komipriser, han underheld heile landet laurdagar i «Side om Side» og sist gong han laga show kalla Rogalands Avis han for «Noregs morosamaste mann».
Sjå fram til ein kveld med nær, kjær og personleg observasjonshumor av ypperste klasse.
Av og med naturtalentet Hans Morten Hansen.