Parken kulturhus

Leif Ove Andsnes // Recital

Noregs største internasjonale stjerne innan klassisk musikk, med Schubert, Beethoven og Dvorák på programmet.

Bilde av mann ved piano - Klikk for stort bilete

 

 

Dato
27. oktober 2022
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

New York Times har kalla Leif Ove Andsnes "ein pianist med eleganse, kraft og innsikt", og Wall Street Journal "ein av dei mest begava musikarane i generasjonen sin”. 

Gled deg til inderlege fortolkninger av Franz Schubert, Ludwig van Beethoven og Antonín Dvoráks Poetiske tonebilde.
Andsnes vunne høg internasjonal heider for sine fortolkninger og framifrå teknikk. Han speler konsertar i dei beste konsertsalane i verda og med dei fremste orkestera, samtidig som han bygger opp ein omfattande diskografi. Som ivrig kammermusikar har han grunnlagt sin eigen årlege kammermusikkfestival i Rosendal.
Han vart fødd på Karmøy i 1970, og studerte ved Bergens Musikkonservatorium, med den berømte tsjekkiske professoren Jirí Hlinka som lærer. Han har òg mottatt uvurderlege råd og impulsar frå den belgiske klaverpedagogen Jacques de Tiège, som til liks med Hlinka, har hatt stor innverknad på den musikalske stilen og filosofien hans. Andsnes er for tida kunstnarisk rådgjevar for Prof. Jirí Hlinka Klaverakademi i Bergen, der han gir årlege meisterklassar for tilreisande studentar frå inn- og utland.

Andsnes klavertolkningar har alltid ei klar retning – til sjølve kjernen i musikken. I konsertsalen eller i innspelingsstudioet er han opptatt av at han sjølv ikkje skal stå i vegen for verka. Han er gjerne trufast mot notebildet, men er òg opptatt av å balansere mellom det uttalte og det sublime. Denne haldninga til verka, der formidlinga av musikken er viktigare enn han sjølv som utøvar, har gjort han til ein musikar som alltid gir inntrykk av naturleg autoritet og smittande nærvær på scena.
 
Program

Janáček: Piano sonata 1.X.1905

Alexander Vustin: Lamento (1974)

Beethoven: Piano Sonata No. 31 in A-flat major, Op. 110

———

Schubert: Piano Sonata in A major D. 664

Dvořák: Selection from Poetic Tone Pictures, Op. 85