Kjøp billett
Vi lever i ei verd der du kan få til kva som helst, men vi sit helst i timevis og blir forbanna på framande i kommentarfelt. Kanskje vi bør skylje internett ut av kroppen av og til?
Visste du at sladder er viktigare for menneske enn eld? Og kvifor er vi framleis usikker på om rotta hadde skulda for svartedauden? Nokre generasjonar seinare står vi likevel bleike igjen på busshaldeplassen og tviler på om dette rotteracet er verd å leva. Kva gjer ein med ein ubrukeleg anakonda i stova? Og kven blir eigentleg utsett for ei heksejakt?
Sigrid Bonde Tusvik har vunne komiprisen for årets kvinnelege scenekomikar og publikumsprisen for årets morosamste. Ho har hatt kjempesuksess med ein av Noregs første og største podcaster, «Tusvik&Tønne», er ein av dei mest populære spaltistane i Dagsavisen, og har tre halvgode bøker bak seg. Ho har tidlegare òg hatt kjempesuksess med framsyningane «Mot i brøsta» saman med Else Kåss Furuseth og Henriette Steenstrup (2014) , «Tusvik&Tønne – Skammar seg» (2015) og «Tusvik&Tønne – På oppdagelsesreise» (2017).
Terningkast 6: «Førsteklasses heks!»
- BERGENS TIDENDE
Terningkast 5: «Skarp, gutsy og veldig morosam. Terningkast heks»
- VG
Terningkast 5: «Styrtmorsom og viktig. Kan ikkje hugsa å ha sett så mykje betre på eit norsk standupscene»
- NRK
Terningkast 5: «Sigrid Bonde Tusvik imponerer i det første soloshowet sitt. Publikum elskar det»
- DAGSAVISEN
Gled de til eit unikt fyrverkeri av ei framsyning – Sigrid Bonde Tusvik er i fyr og flamme!