Parken kulturhus

3 for 1 – med Pernille Sørensen, Live Nelvik og Kristine Riis

Hovedbilde, 3 for 1 - Klikk for stort bilete

Våren 2024 skal tre av dei gøyaste menneska i landet stå på scena saman i Ålesund for aller første gong, i det som garantert blir ei latterbombe for historiebøkene!

Dato
19. april 2024
Tid
19:00 - 20:15
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Dei har på kvar sin kant bidrege til ei rekkje humorsuksessar på scene, TV og radio og har fått ein felles forkjærleik for satire, parykkar og kvardagsfjoll gjennom programma «Melonas», «Underhaldningsavdelinga», «Drilljentene» og «Nytt på Nytt» på NRK.

PERNILLE SØRENSEN:
Kjent frå m.a. «Nytt på Nytt», «Side om Side» og humorframsyningane «Flink Pike» og «Kultur».

LIVE NELVIK:
Kjent NRK-profil frå m.a. «Dama til», «Lives oppsedingsreise» og ikkje misnt det populære radioprogrammet «Laurdagsrådet».

KRISTINE RIIS:
Kjent frå m.a. «Familien Lykke», «Underhaldningsavdelinga» og «Vikingane» på NRK.

Terningkast: 6
«Pensum i komisk kjemi!»
NRK

Terningkast: 5
«Sjarmert trill rundt!»
RADIO NORGE

Vi gler oss stort til å sjå kva desse tre har kokt saman når dei inntek Parken kulturhus og bjudar 3-for1!

Foajeen med barservering opnar ein time før show.
Dørene til salen opnar ca 20 min. før showstart.