Parken kulturhus

Terje Tvedt // Verdenshistorie – med fortiden som speil

Terje Tvedt - Klikk for stort bilete

Bli med og opplev Terje Tvedt, eit retorisk fyrverkeri som briljerer med ein uendeleg straum av historisk kunnskap. 

Dato
11. mars 2024
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Tvedt byr på nye innsikter i dei lange linjene i historia og samtidig kastar han eit klarare lys på den kaotiske samtida vår. Frå dei første sivilisasjonane i Asia og Midtausten, via det storslåtte Ming-dynastiet og det osmanske riket for 500 år sidan, til den industrielle revolusjonen, kolonitida og USAs dominans, fram til vår tids uvisse, klimaet og framtida til sivilisasjonen. Gjennom denne reisa, viser Tvedt kvifor sivilisasjonar har oppstått, imperium gått under og korleis samtida kan spegle fortida. 

Terje Tvedt har vore professor i historie, statsvitskap, utviklingsstudiar og geografi, og er no forskingsprofessor ved Nasjonalbiblioteket. Tvedt har skrive fleire bestseljande bøker som er omsette til mange språk. Hans premierte TV-dokumentarar er viste i rundt 150 land. Tvedt har fått m.a. både Noregs forskingsråds formidlingspris, Gullruten og Fritt Ord-prisen.