Kjøp billett
– Me skrittar gjennom hundreåra og byrjar med han som var predikant på 1600-talet, kopla til jazzlåta «The Preacher» av Horace Silver, og dermed var utgangspunktet gitt: Me gjer gospel av Petter Dass, og i fortsetjinga følgjer Johan Herman Wessel frå 1700-talet, Henrik Wergeland og Henrik Ibsen frå 1800-talet, fram til Herman Wildenvey, Rolf Jacobsen og dei andre moderne – til saman eit 300-års album med levande, norsk poesi, fortel Vold og Virud om det nye samarbeidet.
Jan Erik Vold og Kåre Virud er kjemper innan norsk litteratur, blues, vise og rock. Legender som har bana veg og rydda ny mark der andre har kunna gå, såg og hausta. Vold har vore den nyskapande poeten og forkjemparen til dikta. Kåre Virud er sjølve pioneren innan norsk blues og føregangsmannen for bluestekstar på norsk.
Vold & Virud er vide kjend for platene og turneane sine med tolkingar av Dylan på norsk. No gir dei seg den norske lyrikken i vald. Dei toneset 300 år med sentrale norske dikt på Tolv blå.
Sagt om konserten:
– Å høre Jan Erik Vold med fullt band var som å være på rockekonsert.
Marie E. Andresen, Telemarksavisa
– Når Kåre Virud omsider slipper til ved mikrofonen er det magisk. Inger Hagerups «Døden forteller om sin plan for byen Venedig» er hypnotisk sterk. Virud med stemmen dypt i registeret, nesten så han minner litt om Arild Nyquist.
Geir Rakvaag, Dagsavisen
– Det er for lite gospel i norsk poesi, erklærte poeten Vold smilende for et begeistret publikum. De kjente linjene fra salmedikteren Petter Dass fikk en ny dimensjon. Aldri har det svingt mer av sangskatten fra 1600-tallet.
Unni Kristiansen, Hamar Arbeiderblad
VOLD & VIRUD: Jan Erik Vold – vokal, Kåre Virud – gitar/vokal,
Baard Slagsvold – vokal/Wurlitzer/bass, Stig Sjøstrøm – trommer