Parken kulturhus

BAKom // Dansen gjennom Parken

BAKom - Dansen gjennom Parken - Klikk for stort bilete Tyler Sparks

Bli med på ei unik vandring gjennom Parken kulturhus, i ei intim forestilling for eit lite publikum der den arkitektoniske strukturen skaper kulissene og bygningen kjem til live der ein minst ventar det.  

Dato
29. juni 2023
Tid
20:00 - 21:00
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Bli med på ei unik vandring gjennom Parken kulturhus, i ei intim forestilling for eit lite publikum der den arkitektoniske strukturen skaper kulissene og bygningen kjem til live der ein minst ventar det. 

BAKom utforskar gøymde rom og kjende flater gjennom både dans, film, musikk og installasjonskunst, og inviterer publikum med inn i ei drøymande verd som utfordrar det tradisjonelle scenebiletet og forventningar til kvar ei forestilling kan skje.

Prosjektet er eit samarbeid mellom koreograf og filmkunstnar Einy Åm Sparks og Parken kulturhus i samband med 25-årsfeiringa, og er ein særeigen sjanse til å oppleve huset på ein ny måte.

Medskapande kunstnarar:
Tonje Aas Molnes (dans)
Martha Standal (dans)
Henrik Koppen (visuell kunst/performance)
Kristian Skårbrevik (musikk)
Tyler Sparks (filmfotografi)
Solveig Fagermo (kostyme)

Prosjektet er støtta av:

  • Norsk kulturråd
  • Vestnorsk filmsenter
  • Møre og Romsdal fylkeskommune

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 29.06.2023 18.00 - 29.06.2023 19.00
  2. Torsdag, 29.06.2023 20.00 - 29.06.2023 21.00
  3. Fredag, 30.06.2023 18.00 - 30.06.2023 19.00
  4. Fredag, 30.06.2023 20.00 - 30.06.2023 21.00