Kjøp billett
Bli med på ei unik vandring gjennom Parken kulturhus, i ei intim forestilling for eit lite publikum der den arkitektoniske strukturen skaper kulissene og bygningen kjem til live der ein minst ventar det.
BAKom utforskar gøymde rom og kjende flater gjennom både dans, film, musikk og installasjonskunst, og inviterer publikum med inn i ei drøymande verd som utfordrar det tradisjonelle scenebiletet og forventningar til kvar ei forestilling kan skje.
Prosjektet er eit samarbeid mellom koreograf og filmkunstnar Einy Åm Sparks og Parken kulturhus i samband med 25-årsfeiringa, og er ein særeigen sjanse til å oppleve huset på ein ny måte.
Medskapande kunstnarar:
Tonje Aas Molnes (dans)
Martha Standal (dans)
Henrik Koppen (visuell kunst/performance)
Kristian Skårbrevik (musikk)
Tyler Sparks (filmfotografi)
Solveig Fagermo (kostyme)
Prosjektet er støtta av:
- Norsk kulturråd
- Vestnorsk filmsenter
- Møre og Romsdal fylkeskommune