-
Tidspunkt
-
Onsdag 27.09.2023 18.00 - søndag 01.10.2023 21.00
-
Stad
-
Parken kulturhus
Kjøp festivalpass
HØSTSCENA 27.9 – 1.10 2023!
Festivalprogrammet er lansert og du kan spare pengar på å kjøpe festivalpass til morgenfuglpris no!
Pris fram til 15 juni: kr 1500,- (fullpris kr 2.500,-)
I år er det jubileum i Ålesund og Høstscena feirar at byen er 175 år ved å setje fokus på han:
Kva formar ein by? Kven har makta og korleis bruker dei den? Kva er medvitne val og kva skjer som eit resultat av slump? Åtte (scene)kunstnarar frå Athen, Folkestad, Beirut, Oslo, Bologna, Ålesund, Brussel og Pontenure har fått i oppgåve å vere og undersøkja byen, for deretter å finne sin eigen inngang og tolking av han i samarbeid med lokale krefter. I tillegg blir Teatret Vårt sin versjon av Vildanden. Ibsens klassiske stykke om livsløgna får nytt liv i den anerkjende regissørens Victoria Meiriks regi. Vi får og sjansen til å oppleve den kritikarroste framsyninga Lykke til, Cathrine Frost! frå Det andre Teateret. Det blir også fagprogram, teaterimpro, poesi og familiearrangement.
Les meir om Høstscena 2023