Parken kulturhus

Teatret Vårt // Julekveld med Teskjekjerringa

Teatret Vårt, Julekveld med Teskjekjerringa - Klikk for stort bilete

 

Dato
13. desember 2023
Tid
18:00 - 18:50
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett 

Billettsalget startar 1. sept. kl 12.00

Musikalsk juleforestilling for heile familien

Teskjekjerringa elskar jula. Men om ho får det for travelt kan ho bli så lita som ei teskei! Korleis unngår ho at det skjer på sjølvaste julekvelden , når mannen er oppkava og må på juletrehogst, nabokjerringa spionerer i kjøkkenvindauget og ho sjølv skal bake, vaske og pynte til jul??

Teskjekjerringa er både rampete og snill. Når ho blir lita, forstår ho ting som ingen andre voksne kan – til og med kva dyra seier! Alle folk og dyr er like mykje verdt for Teskjekjerringa. Ho hjelper andre når ho kan og deler raust av det ho har. Prøysens jordnære univers har ein humoristisk snert som saman med leikne dekorasjonar, kostymer og musikk fengjer både store og små! 

Historia om Teskjekjerringa minner oss på at om ikkje alt blir som vi hadde tenkt, så blir det kanskje minst like bra likevel. - Og kanskje kjem julenissen? 

Passar for heile familien.

Varer i ca 50 min

Dramatisert av
Kjersti Botn Sandal

Basert på
Alf Prøysens bøker

Regi 
Kjersti Botn Sandal

Scenografi og kostymedesign 
Leiko Fuseya

Lysdesign 
Jonas P. A. Fuglseth

Musikk
Jonas Høgseth

Koreografi
Nikita Kistochka

Med 
Kjersti Botn Sandal, Johanna Mørck, Sara Fellman og danseelever fra NOISE

Trailer:

Andre tidspunkt

  1. Tysdag, 12.12.2023 18.00 - 12.12.2023 18.50
  2. Onsdag, 13.12.2023 18.00 - 13.12.2023 18.50