Parken kulturhus

Høstscena: Teatret Vårt // Villanden

Teatret Vårt // Vildanden - Klikk for stort bilete

Villanden: Henrik Ibsens klassiske og nådelause drama om familieløyndommar, løgner og konsekvensar.

Dato
27. september 2023
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Vi befinn oss i ein vanleg norsk familie, midt under 70-talls boomen. Hovudpersonen Hedvig har vakse opp i trygge rammer, men mistar fotfestet når desse slår sprekkar. Historia om familien Ekdal er blant Ibsens mest spilte framsyningar. I Brit Bildøen si modernisering kjennast historia relevant og akutt.

Familien Ekdal skjuler ikkje berre mange løyndommar. Her retusjerast sanninga bokstaveleg talt. I leilegheita finnast óg eit loft med ei merkeleg kraft, der naturen er i ferd med å få overtaket. Og innerst inne i mørket bur det aller mest dyrebare; ei vill and med brekt veng.

Uttrykket “Tek du livsløgna frå eit gjennomsnittsmenneske, så tek du samstundes lukka frå han” stammar frå Villanden. Det fangar essensen i dette brutale familiedramaet om konsekvensane som oppstår når løgnene me har bygd verdsbiletet vårt på avslørast. Sanninga si kraft kan snu verda på hovudet. Kor mykje er du villig til å ofre for det gode liv?  

I Teatret Vårt sin versjon plasserast historia om dei vaksne sitt svik og borna som tek for mykje ansvar i ein ny setjing - som viser nettopp kor tidlaus og innsiktsfull tematikken er. Henrik Ibsen var tidleg ute med å vise kor vanskeleg det kan vere å endre menneska.

Kristine Hartgen, for mange kjend frå Kampen om Narvik, debuterar hos Teatret Vårt i rolla som Hedvig. Vi får óg gjensyn med Jon Bleiklie Devik, sist sett som Knut Nesje i Slåttekar frå himmelen. I tillegg gjestar Kai Remlov, Vidar Sandem og Oscar Jean teatret og speler saman med vårt faste ensemble.

Regissør Victoria Meirik jobbar saman med Norunn Standal på scenografi og lys, og Daniel Herskedal har komponert ny musikk til stykket. Sist dei tre samarbeidde ved Teatret Vårt var med den gripande framsyninga Gift, som hadde stor suksess på teatret i 2021. 

Av 
Henrik Ibsen

Bearbeidet av 
Brit Bildøen

Regi
Victoria Meirik

Scenografi og lysdesign
Norunn Standal

Kostymedesign
Synne Reichelt Føreland

Musikk
Daniel Herskedal

Medvirkende
Kristine Hartgen, Jon Bleiklie Devik, Sara Fellman, Oscar Jean, 
Johanna Mørck, Kai Remlov, Lars Melsæter Rydjord, Vidar Sandem, 
Bjørnar Lisether Teigen.

Høstscena logo - Klikk for stort bilete