Kjøp billett
SULT
Om motgang, og korleis overvinna han.
Sult av Knut Hamsun vart gitt ut for 130 år sidan. Historia er framleis full av sprengkraft, og held fram å påverka lesarar og forfattarar med sine gripande skildringar av menneskesinnet.
Sult er ei forteljing om liding, men óg om håp og å slåst for det ein trur på. Romanen vart skriven på 1800-talet, men tematikken er like relevant i dagens prestasjonssamfunn. Må vi vere gode til alt, eller skal vi våge å skilje oss ut? Skal vi høyre på dei som motarbeider oss, eller tru på oss sjølv? Hovudpersonen drøymer om å bli forfattar, men møter berre stengde dører. Han får stadige påminningar om alt han ikkje meistrar, og opplever at talentet hans ikkje blir sett. Motstanden trykker han ned, men klarar den å stoppe krafta han har i seg?
Teatret Vårt sin versjon av Sult er ei fengslande reise som følgjer hovudpersonen sin kamp for å bli forstått og anerkjend. Regissør Bjørnar Lisether Teigen har bearbeidd Hamsun sine monologar til dialog, og den navnlause hovudpersonen (Oscar Jean) trer fram i møtet med Ylajali (Anne Wiig) og heile 16 karakterar spilt av Jon Vegard Hovdal.
I framsyninga kjem vi nært på både oppturane og nederlaga hovudpersonen må gjennom i kampen for si eiga framtid. Kva gjer det med menneskesinnet å leva i konstant jag og motgang? Det tidlause i tematikken gjenspeglast i musikken. Opplevingane hovudpersonen går gjennom blir underbyggja av lydsporet frå science fiction-filmen Interstellar, komponert av ledestjerna innan filmmusikk, Hans Zimmer.
Av
Knut Hamsun
Dramatisert av
Bjørnar Lisether Teigen
Regi og romkonsept
Bjørnar Lisether Teigen
Romkonsept og lysdesign
Jonas P A Fuglseth
Kostymedesign
Elin Berg
Medvirkende
Oscar Jean, Anne Wiig, Jon Vegard Hovdal
Droneteknologien som blir brukt i forestillingen er utviklet i samarbeid med
NTNU Ålesund.