Parken kulturhus

Morten Abel og Thomas Gallatin

Morten Abel duo - Klikk for stort bilete

Etter fire tiår som låtskrivar og enterteinar, er Abel framleis ein av dei beste formidlarane i landet, og skuffar aldri på scena.

Dato
21. oktober 2023
Tid
20:00 - 21:15
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Morten Abel og Thomas Gallatin

Morten Abel har over 40 års erfaring som låtskrivar og artist. Med over 600 000 selde album og heile 5 Spellemannprisar, er han for lengst som ein institusjon å rekne i norsk musikkliv. Frå Mods til The September When via Peltz, og ikkje minst som soloartist, er Morten Abel ein musikar som stadig fornyar seg.
No får du eit unikt høve til å oppleve Morten Abel tett på. Saman med multiinstrumentalist Thomas Gallatin utforskar Abel det nære duoformatet. 

 «Vi har lenge hatt lyst til å gjere noko i eit mindre format. Det er utruleg spennande, som å starta band for første gong», seier Morten Abel.
Dei tek for seg låtar frå heile Abels karriere og gir dei nye drakter. Etter fire tiår som låtskrivar og enterteinar, er Abel framleis ein av dei beste formidlarane i landet, og skuffar aldri på scena. Du skal ikkje sjå bort i frå at ein og anna overrasking dukkar opp, i tillegg til dei gode kjenningane. Gle dykk!