Parken kulturhus

Bjørn-Henning Ødegaard // Skilt pappa sveiper høyre

Bjørn H. Ødegaard, Skilt pappa sveiper høyre - Klikk for stort bilete

Bjørn-Henning Ødegaard er klar med si andre soloframsyning!

Dato
7. oktober 2023
Tid
19:00 - 20:15
Stad
Foajeen

Kjøp billett

Her får du servert fantastisk stand up med utgangspunkt i kva som skjer når ein småbarnsfar må finne kjærleiken på nytt – og set seg som mål å få 1000 matchar på Tinder.
Bjørn-Henning er ein meister i å finne humor i kvardagslege situasjonar vi alle kjenne oss igjen i. 
 
Etter fleire strålande opptredenar på Latter Live på NRK, deltaking i Alle mot alle på TVNorge og ikkje minst som ein av programleiarane i den populære Konspirasjonspodden, nyt Bjørn-Henning stor suksess som komikar.
Går det like bra med kjærleiken? 
 
Anten du er i eit forhold, er på veg inn i eit forhold eller du trivst best som singel er det garantert masse å le av når ein showklar Bjørn-Henning inviterer til show der han byr på seg sjølv og haugevis av gode vitsar om den mystiske kjærleiken.