Parken kulturhus

Wenche 75

Wenche 75 - Klikk for stort bilete

Heile Noregs Wenche fyller 75 og inviterer til ein bursdagsfeiring du ikkje vil gå glipp av!

Dato
22. september 2023
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Wenche Myhre har vore ein folkekjær artist heilt sidan ho var tidleg i tenåra. Som 13-åring vann ho ein talentkonkurranse, og som premie fekk ho platekontrakt. Den første singelen «Åh, det er søndag» vart sjølvsagt kjempepopulær, og resten er historie. Over 60 år seinare kan ho sjå tilbake på ein fantastisk karriere, både som artist og skodespelar på film og scene.
 
Wenche Myhre har gjort suksess i fleire land, Sverige, Danmark, Austerrike, Sveits og ikkje minst i Tyskland . Der har ho toppa listene, hatt fleire store TV-show og i tillegg representert landet i den internasjonale Grand Prix-finalen.
 
Songar som «La meg vera ung», «Me lever», «Katta vår», «Vinter og snø», «66», «Det er slike ting som hender», «Gi meg ein cowboy til mann», «Å-å-å sheriff», «Ei snerten snelle», «Ei natt forbi», og mange fleire, er for lengst allemannseige for fleire generasjonar her heime, og Wenches songar har følgt oss som eit lydspor gjennom store og små stunder i liva våre.
 
Alt er klart for ein kveld der vi får kjenne på heile kjensleregisteret. Det blir balladar, rock and roll, smil og latter, men også rørande augneblink. Wenche Myhre er ein av våre aller største formidlarar, og få klarer å spela på alle strengene med same naturlege eleganse og treffsikkerheit.
 
Orkesteret blir leda av Wenches sambuar, den svenske dirigenten, musikaren og arrangøren Ander Eljas. Etter å ha turnert med Abba på 70-talet har han vore ein sentral figur i svensk musikkliv, og arrangerte seinare mellom anna originalmusikken til Chess for orkester – og dirigerte London Symphony Orchestra som ein del av jobben. Anders har også jobba med musikalar som Les Miserables, Mamma Mia!, Guys and Dolls, og samarbeidet med store artistar både i Sverige og i utlandet – og sjølvsagt Wenche Myhre!
 
No er det duka for 75 års bursdagsfest – dette vil du ikkje gå glipp av.