Parken kulturhus

Riksteatret // Bølgebrus

Riksteatret - Bølgebrus - Klikk for stort bilete

Ta med barna på et teatereventyr ute i naturen, og bli med på jakta etter havets hemmelegheiter! 

Dato
18. april 2023
Tid
15:00 - 15:45
Stad
Parken kulturhus

Hent billett

Ta med barna på et teatereventyr ute i naturen, og bli med på jakta etter havets hemmelegheiter! 

Bølgebrus er ein genistrek av ei framsyning for dei minste. Ei interaktiv teateroppleving der barna får undre seg over havets mysterier på reise gjennom den magiske havparken. 

På vegen møter du ein symjande sildestim før du blir virvla vidare gjennom dansande sjøgras. Ein svolten hai dukkar opp. Pass deg! Ei ny bølgje skyller deg heldigvis vidare. Men vent litt. Kva er det glitrande som stikk opp frå sanden? 

«Teater på sitt aller beste! (…) Skuespillerne evner å ta barna på alvor» iHarstad, 5 

«En forestilling der fakta om livet i havet er grunnlag for undring, spenning, lek og utforskning» Nordlys, 5 

Bølgebrus blei første gong produsert av Hålogaland Teater og Katma til Festspillene i Nord-Norge i 2021. Med Riksteatret får barn i heile landet moglegheit til å oppleve denne perla av ei framsyning i sitt eige nærmiljø. 

Passar for barn fra 3 år.
Varigheit: ca. 45 minutt. 

Turnéstart i Fredrikstad 21. mars 2023 På turné til 35 stader. Blir spelt både på dagtid og på ettermiddagen. Sjå speleplanen på kulturhuset ditt. 

Regi og konsept Katrine Strøm. Scenograf Jósef Halldórsson. Kostymedesignar Ann-Jorunn Pedersen. Komponist Tore Bruvoll. Lyddesignar Jim-Oddvar Hansen. Dramaturg Lina Synnøve Killingdalen. Produsent Riksteatret Wenche Viktorsdatter Paulsen. Produsert av Katma og Hålogaland Teater. På turné med Riksteatret.

Andre tidspunkt

  1. Tysdag, 18.04.2023 15.00 - 18.04.2023 15.45
  2. Tysdag, 18.04.2023 16.30 - 18.04.2023 17.15