Parken kulturhus

Jazzsirkelen // Kåre Nymark jr. m/band

Kåre Nymark jr. m/band - Klikk for stort bilete

Kåre Nymark jr. er aktuell med ein heilt ny kvartett og heilt ny musikk.

Dato
11. februar 2023
Tid
21:00 - 22:00
Stad
Foajeen

Kjøp billett

Kåre Nymark jr. frå Langevåg på Sula er ein særeigen og spanande jazztrompetist, med spenn over eit bredt spekter av stilartar. Inspirasjon frå mange turar til New Orleans og eit bluesprega utrykk er alltid tilstades, saman med ei open og tidlaus tilnærming til jazz-tradisjonen.
Kåre speler og i The Brazz Brothers, Nymark Collective og Gumbo, og har halde konsertar både i USA, Afrika, Asia og Europa. Han har spelt inn heile 23 album med ulike bandprosjekt, og har vore med på mange fleire som studiomusikar. 

Kåre Nymark jr. er aktuell med ein heilt ny kvartett og heilt ny musikk. Med seg har han tre av dei mest hardtsvingande musikarane i landet. Musikken er groovy og melodiøs . Uttrykket varierer frå det mest intense til det vare og såre, og er ei herleg smelte av store delar av jazz-tradisjonen.

Bandet består av :
Kåre Nymark jr. – trompet, Anders Aarum – piano, Jens Fossum – kontrabass, Hermund Nygård – trommer