Parken kulturhus

West Nordic International Film Festival 2023

Plakat, Weniff 2023 - Klikk for stort bilete

WENIFF er ein dokumentar – og kortfilmfestival, med eit formål om å samle kunstnarar/skodespelarar og filmar frå heile verda.

Dato
16. februar 2023
Tid
19:00 - 21:40
Stad
Parken kulturhus

    Festivalpass (alle dager) 

West Nordic International Film Festival er ein dokumentar – og kortfilmfestival, med eit formål om å samle kunstnarar/skodespelarar og filmar frå heile verda til ein av Noregs finaste by.

Denne reisa byrja i 2012 av ei lita gruppe menneske med brennande engasjement innan filmverda. Det store mantraet vårt er at kunst er den beste forma for kommunikasjon mellom oss menneske på fleire plan. Ikkje minst promotering av skjønnheita vår i landet vårt.

Sidan den gong har talet på nasjonale og internasjonale filmar auka drastisk på dei offisielle konkurranseprogramma våre. Forhåpentleg har WENIFF kvart år berika besøkjande og produsentar frå heile verda og omland med filmfestivalen i den vakre byen vår, og det som følgjer med han.

Vi er veldig glad for at visjonen vår har etablert seg, og veks for kvart år. Realiteten i det at me i dag er i stand til å sameina filmprodusentar og filmelskarar under filmfestivalen har gitt oss æra av å jobba med dei mest profesjonelle menneska i feltet. I tillegg har vi fått tusenvis av applikasjonsfilmar som vi gler oss til å dele med publikum.

Dette er noko av det beste med heile prosessen

Merk av kalenderen i din og ikkje gløym å bli med oss. Du finn oss på Parken kulturhus i Ålesund frå 16.-18. februar Her får du høvet til å sjå eineståande unike filmar og dokumentarar som du elles ikkje får i kommersiell tv.

For meir info: weniff.no

Festivalpass:
Med festivalpasset har du tilgang til alle filmer gjennom heile festivalen, slik at du kan få med deg akkurat det du ønskjer til ein mykje lågare pris enn individuelle dagspass.
Merk: Sjølve festivalpasset er digitalt og du får tilsendt kortnummer og tilhøyrande pinkode på e-post etter kjøpet er gjennomført.

 

Andre tidspunkt

  1. Torsdag, 16.02.2023 19.00 - 16.02.2023 21.40
  2. Fredag, 17.02.2023 16.30 - 17.02.2023 22.10
  3. Laurdag, 18.02.2023 12.00 - 18.02.2023 20.00