Parken kulturhus

Charlie Siem & Itamar Golan // Recital

Charlie Siem & Itamar Golan - Klikk for stort bilete

Stjernefiolinisten kjem endeleg tilbake til Parken kulturhus, denne gongen saman med Itamar Golan!

Dato
11. mars 2023
Tid
19:00 - 20:40
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett
 
Charlie Siem, som besøkte Parken og Ålesund i ei årrekkje før pandemien, er ein av dei fremste unge stjernene i klassisk musikk. Charlie har norsk far og britisk mor, og byrja å spele fiolin i ein alder av tre år etter å ha høyrt Yehudi Menuhin spela Beethovens fiolinkonsert på radio. 

Charlie har spillt med orkester som The Royal Philharmonic Orchestra, Rotterdam Philharmonic Orchestra, Czech National Symphony Orchestra og Oslo Filharmoniske Orkester saman med dirigentar som Yannick NEZET-Séguin, Yuri Simonov, Sir Roger Norrington, Ed Gardner, Libor Pesek og Michal Nesterowicz. 

Charlie er sin unge alder til trass ambassadør for Prince Charles Trust og utnemnt til gjesteprofessor ved Leeds College of Music, noko som gjer Charlie den yngste professoren i Storbritannia!

Charlie er ein allsidig fiolinist, og med inspirasjon frå Ole Bull har han gjenoppliva den gamle  fiolinistiske tradisjonen å komponere virtuose variantar av populære tema. Dette har han gjort saman med artistar som Bryan Adams, Jamie Cullum og The Who. Charlie skreiv sitt første stykke for strykeorkester nyleg, "Canopy", som vart spelt inn med English Chamber Orchestra, og er med på hans nyaste CD med Sony Classical. 

Charlie Siem speler 1735 Guarneri del Gesù fiolin, kjent som "D'Egville ', som tidlegare tilhøyrde nemnde fiolinlegende Yehudi Menuhin.
 
Denne kvelden speler Siem saman med den israelske pianisten Itamar Golan.
 
I meir enn to tiår har Itamar Golan samarbeidd med  mange av dei mest  framifrå instrumentalistane i vår tid. Arbeidet hans har gitt han fantastiske kritikkar, og han er ein av dei mest ettertrakta pianistane i sin generasjon. Sjølv om Itamar Golans lidenskap heilt frå starten har vore kammermusikk, har han også vore solist med nokre av dei store orkestera som Israel Philharmonic og Berlin Philharmonic under leiing av Zubin Mehta, Royal Philharmonic under leiing av Daniele Gatti, orkesteret Philharmonica della Scala, Vienna Philharmonic under leiing av Riccardo Muti og Philarmonia Orchestra under leiing av Lorin Maazel. 

Allereie i 1991 vart Itamar Golan tilsett ved  Manhattan School of Music, noko som gjer han til ein av dei yngste lærarane der nokosinne. Sidan 1994 har han undervist kammermusikk ved Paris-konservatoriet, der han i dag bur og er involvert i mange ulike kunstnariske prosjekt.