Parken kulturhus

Neon Ion m/Arve Henriksen

Neon Ion m/Arve Henriksen - Klikk for stort bilete

Neon Ion er soloprosjektet til den prisvinnande vokalisten, Natalie Sandtorv frå Ålesund.

Dato
29. april 2023
Tid
21:00 - 22:00
Stad
Foajeen

Kjøp billett

Neon Ion er soloprosjektet til den prisvinnande vokalisten, Natalie Sandtorv frå Ålesund.
Vokalen hennar leikar seg med edgy arrangement i ein deilig miks av elektropop med ei klype jazz og toppa med ein heil del soul. Kort fortalt handlar songane om den evig flyktige romantikken.

Hennar nyaste album, Mood Cosmic, kom ut på Jazzland Recordings i september 2022 til overveldande respons frå internasjonal presse. Albumet Heart Echoes blei også motteke med ovasjonar, og blei omtala av Audun Vinger på ei dobbeltside i Dagens Næringsliv: “Neon Ions Heart Echoes utvider feltet for moderne norsk popmusikk. (..)Natalie Sandtorv imponerer som Neon Ion, som vil bli stående som et høydepunkt fra det norske popåret 2020”. 

Dei har det siste året spelt på festivalar og stader som Dubai, Paris, Berlin og Noreg, og har tidlegare hausta fantastiske meldingar for liveprestasjonane sine, og har vorte utnemnt av flere internasjonale medium som “one to watch”, bla av NME, The Line Of Best Fit, og Gaffa.

Sandtorv vann den prestisjetunge Jazztalentprisen under Moldejazz i 2016, og var igjen i 2022 aktuell med nytt bestillingsverk til Moldejazz.
Samarbeidet med Arve Henriksen springar ut frå hans feature på låten Orbit på hennar siste album. Denne konserten blir første gong dei speler saman live, og det er all grunn til å venta høg energi, og ei mektig oppleving for publikum.

Arve Henriksen er ein av dei mest innovative og aktive musikarane me har som er kjent for sin uredde sjangeroverskridning og eigenart som trompetist.
Du har dei som påstår at trompeten til Arve Henriksen ikkje høyrest ut som ein trompet, men som bambusfløyter eller leirgauk og me veit ikkje kva. Vi skal ikkje krangle på det, sjølv om det openbert er feil, men at andre ikkje får like mykje ut av instrumentet som Henriksen er jo ikkje hans feil. Musikken er uansett – og er her er alle hjartans samde – særeigen, original og vakker så det held!