Parken kulturhus

Kunstklubben // Magne Bruteig

Foredrag: Sigurd Winge – Kunstnaren bak Båtfrisen i Parken kulturhus 

Foredragshaldar: Magne Bruteig - Klikk for stort bilete
Dato
1. mars 2023
Tid
19:00 - 21:00
Stad
Foajeen

Arrangør: Kunstklubben i Ålesund
Arrangementet er gratis.

Då Ålesund by feira 150 år i 1998, vart delar av Sigurd Winges kunstverk frå sildefisket «Båtfrisen» utsmykking i det nye Parken kulturhus.

Sigurd Winge var fødd i Hamburg i 1909, og døydde i Trondheim 1970. Han var elev av Axel Revold ved Statens Kunstakademi og var påverka av tysk ekspresjonisme. Han er særleg kjent for dei grafiske arbeida sine og sin monomentalkunst. 

No når Ålesund fyller 175 år, vil dei siste 13 av det totalt 30 meter lange kunstverket komme på plass i Parken kulturhus. (kunstverket heng i trappeløpet opp til inngangen til salen). Båtfrisen, som kunstverket blir kalla, vart vist på Verdensutstillingen i New York i 1939.  I 1969 vart ho innkjøpt av Nasjonalgalleriet, no Nasjonalmuseet, som igjen har lånt ut ein del av denne til Parken kulturhus.  Bakgrunnen for kunstverket er ein vekelang fisketur (på sildefeltet) som Sigurd Winge, Rolf Nesch og Olav Strømme var på i 1938.

Kunstnaren Ørnulf Opdahl som var med å realisere innlånet av den første delen av Båtfrisen i 1998, er også denne gongen med på å realisere innlånet som i løpet av jubileumsåret vil få Båtfrisen i sin heilskap til Parken kulturhus.

For å bli meir kjent med kunstnaren Sigurd Winge, vil Kunstklubben Ålesund den 1. mars invitere til eit foredrag om kunstnaren og om Båtfrisen spesielt. Den som vil snakke om dette er Magne Bruteig, han er kunsthistorikar, musikar og tidlegare førstekonservator ved Munchmuseet på Tøyen.