Parken kulturhus

Adam Douglas // An American Holiday

Adam Douglas, An American Holiday - Klikk for stort bilete

I år har Adam Douglas med seg Ida Jenshus som gjesteartist!

Dato
15. desember 2023
Tid
19:00 - 20:30
Stad
Parken kulturhus

Kjøp billett

Folkekjære Adam Douglas ønskjer for sjette år på rad velkommen til publikumssuksessen «An American Holiday». Her tek Adam og det strålande bandet hans publikum med inn i stemningsfulle rom – der dei framfører både eigenskrivne vinter- og julesongar, i tillegg til å gjere juleklassikarar til sine.
"An American Holiday" er vorte til som eit resultat av ein draum Adam lenge hadde om å la det norske publikummet få ta del i amerikansk julemusikk-tradisjon og det som set han i god og «soulful» julestemning.

Hjarteleg velkommen til «An American Holiday» med Adam Douglas!

«Det er alltid fantastisk å få komma ut og spela desse songane som betyr så mykje for meg personleg. Endeleg kjem jula der me kan vera saman igjen og feira med dei me er glade i, slik me pleier. Eg er stolt og audmjuk av få vera ein del av denne viktige førjulstradisjonen», fortel Adam.